27/09/2026
Fredagsgløtt fråsamlingane!
Ukas fredagsgløtt er frå Uro i Ølenvåg. Det var gode høve for trelastindustri langs fjordane på Haugalandet. Her var god skog, elver å nytta til sagbruk og gode hamner. Dette førte òg til ein utbreidd skipsbyggartradisjon.
I Uro var det ein djup og god hamn og sjølv dampskip kunne leggja til her. Her vart det mellom anna etablert både bakeri, handel og ein verkstad. Under fyrste verdskrig starta Ola Kolbeinshaug og Tomas Lunde trelasthandel her. Trelastlageret i Uro ble kjøpt og flytta til Bergsvikjo med hest og slede på isen i 1921, altså ikkje lenge etter at fotografiet vart teke. Dette var byrjinga på Berge Sag og Trelastforretnings historie. I dag er Berge Sag-gruppa eit moderne byggkonsern med rundt 220 tilsette.
Les meir på heimesida vår:
Det var gode høve for trelastindustri langs fjordane på Haugalandet. Her var god skog, elver å nytta til sagbruk og gode hamner. Dette førte òg til ein utbreidd skipsbyggartradisjon. I Uro var det ein djup og god hamn og sjølv dampskip kunne leggja til her. Her vart det mellom anna etablert b....