Holvikejekta

Holvikejekta Holvikejekta er den einaste store opne klinkbygde jekta som finst. Du finn nybygget like ved Sandane. Holvikejekta er ein del av Nordfjord Folkemuseum.

Ei lita oppdatering på opningstider på raude maidagar på Holvikejekta og Nordfjord Folkemuseum Bortsett frå dette har vi...
12/05/2026

Ei lita oppdatering på opningstider på raude maidagar på Holvikejekta og Nordfjord Folkemuseum

Bortsett frå dette har vi vanlege opningstider på Holvikejekta tysdag-søndag kl. 12-16

Kom mai du skjønne milde, med mange raude dagar. Vi held ope dei fleste dagar men òg litt stengt:
- 14. mai (Kristi himmelfart): Ope på både Holvikejekta og Folkemuseet kl. 12-16.
- Inneklemt fridag fredag 15. mai? Ope 12-16 begge stadar 👌
- 17. mai: Stengt både Folkemuseum og Holvikejekta

Pinse:
Folkemuseet held stengt heile pinsa, men er ope på Holvikejekta:
Laurdag 23. mai: ope kl. 12-16
Søndag 24. mai: stengt grunna privat arrangement
Måndag 25. mai: ope kl. 12-16

Bortsett frå dette har vi vanlege opningstider i mai - Holvikejekta kl. 12-16 tysdag-søndag, og Folkemuseet tysdag-fredag kl. 12-16 🌸

Våren er her for fullt og det betyr berre ein ting - sesongopning på Holvikejekta!Opningstider er tysdag-søndag kl. 12.0...
29/04/2026

Våren er her for fullt og det betyr berre ein ting - sesongopning på Holvikejekta!
Opningstider er tysdag-søndag kl. 12.00-16.00, frå 2. mai til 30. september.

Elles i året er det ope på Holvikejekta i skuleferiane, og på bestilling for grupper og skuleklasser heile året. For meir informasjon, ta kontakt med oss på epost [email protected]

I dag har vi hatt fint besøk på Holvikejekta av stortingsrepresentantane Torbjørn Vereide (Ap), Erling Sande (Sp) og Mar...
13/03/2026

I dag har vi hatt fint besøk på Holvikejekta av stortingsrepresentantane Torbjørn Vereide (Ap), Erling Sande (Sp) og Marius Langballe Dalin (Mdg), som fekk ei omvising av administrerande direktør for Musea i Sogn og Fjordane Jan Heggheim. Takk for besøket! ⛵️

Treng du ei pause frå skigåing og OL? Holvikejekta er ope i vinterferien! Besøk oss torsdag 19. og fredag 20. februar, f...
18/02/2026

Treng du ei pause frå skigåing og OL? Holvikejekta er ope i vinterferien! Besøk oss torsdag 19. og fredag 20. februar, frå kl. 10-14.
Ved å kjøpe inngongsbillett på Holvikejekta får du gratis inngong på Nordfjord Folkemuseum, der vi har rigga aktivitetar med ull og tekstil.

Det nærmar seg vinterferie, og vi riggar klart for aktivitetar. I ferien held vi ope på både Holvikejekta og på Nordfjor...
12/02/2026

Det nærmar seg vinterferie, og vi riggar klart for aktivitetar. I ferien held vi ope på både Holvikejekta og på Nordfjord Folkemuseum, tysdag 17. til fredag 20. februar kl. 10-14. Det er fellesbillett så om du kjøper inngongsbillett til Holvikejekta kjem du gratis inn på Folkemuseet - og omvendt! Og har du årskort så kjem du sjølvsagt gratis inn begge stadar.

På Nordfjord Folkemuseum kan du prøve seg på stasjonar med tekstil og ull, sjå på utstillingar, og kafeen held ope med kakao og kanelsnurrar. Velkommen til feriedagar på Sandane ⛄

Vil du, eller kjenner du nokon, som vil jobbe med oss i sommar? Vi søkjer deg som har lyst å møte mange spennande mennes...
05/02/2026

Vil du, eller kjenner du nokon, som vil jobbe med oss i sommar? Vi søkjer deg som har lyst å møte mange spennande mennesker og vise vår rike kulturhistorie i vakre omgjevingar. Arbeidsstad blir både på Holvikejekta og på Nordfjord Folkemuseum.

Søk årets koslegaste sommarjobb - søknadsfristen er 25. februar.
Lenke til søknad finn du i kommentarfeltet.

Takk til danselinjene på Firda vgs. for ei flott danseframsyning på Holvikejekta denne fredagen.Det var kjekt å sjå korl...
17/11/2025

Takk til danselinjene på Firda vgs. for ei flott danseframsyning på Holvikejekta denne fredagen.
Det var kjekt å sjå korleis dei brukte bygget og innlemma Holvikejekta i dansen.

Les meir om framsyninga i artikkelen til Firda Tidend.

Skal tru kva dei hadde tenkt dei gamle jekteskipperane om dei hadde fått med seg den spekatkulære dansen over, under og rundt den staselege Holvikejekta fredags kvelden?

Holvikejekta heldt stengt måndag-onsdag denne veka grunna personaltur i publikumsavdelinga. Vi er tilbake til vanlege op...
15/09/2025

Holvikejekta heldt stengt måndag-onsdag denne veka grunna personaltur i publikumsavdelinga. Vi er tilbake til vanlege opningstider att torsdag 18. september kl. 12-16 ⛵
Nordfjord Folkemuseum held ope heile veka - måndag til søndag kl. 12-16 🍎 Velkommen til oss!

Har du besøkt Holvikejekta? Vi utvidar opningstidene våre, og held ope kvar dag - måndag til søndag kl. 12-16 - fram til...
15/08/2025

Har du besøkt Holvikejekta? Vi utvidar opningstidene våre, og held ope kvar dag - måndag til søndag kl. 12-16 - fram til 30. september.

Følg oss på sosiale medier eller sjå nettsida vår for endringar, oppdateringar, og informasjon om arrangement utover hausten og vinteren.

Ønsker du å tinge omvisning, enten til formidlingsopplegg til skule og barnehage, bedriftstur eller privat setting? Ta kontakt med oss via nettsida eller e-post ([email protected])

Tusen takk til alle som har vore innom vårt nye verne- og formidlingsbygg i sommar🥰 Vi får besøk av mange som har sett H...
25/07/2025

Tusen takk til alle som har vore innom vårt nye verne- og formidlingsbygg i sommar🥰 Vi får besøk av mange som har sett Holvikejekta før, og som er imponert over kor tett innpå ein kjem jekta samanlikna med slik det var tidlegare. No får du sett ho både frå frosk- og fugleperspektiv på nært hald! Siste bildet er frå slik jekta var utstilt fram byggestart i 2023.
Bilde nr 1-2: Henning A. Hellebust, Musea i Sogn og Fjordane
Bilde nr 3: Thomas Bickhardt/BickFoto.

Adresse

Utstillingsplassen 2
Sandane
6823

Åpningstider

Tirsdag 12:00 - 16:00
Onsdag 12:00 - 16:00
Torsdag 12:00 - 16:00
Fredag 12:00 - 16:00
Lørdag 12:00 - 16:00
Søndag 12:00 - 16:00

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Holvikejekta legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Museet

Send en melding til Holvikejekta:

Del

Type