Kunstlåven i Seljord

Kunstlåven i Seljord Er sommerutstillinga til Seljord kunstforening alle sommerutstillingers mor? Då ho starta 1968 var det ikkje vanleg med opne galleri og museum i sommarferien.

Nokon seier Seljord var fyrst ute med å øyremerke sommaren med kunstutstilling...

Uansett det var slik det starta det året. Siden har Sommarutstillinga vært seljord kunstforenings flaggskip og eit årviss utstilling. Ho har hausta mykje anerkjenning, både av kunstnarane som har stilt ut, og av publikum. Kunstlåven ligg i Seljord sentrum og er kunstforeininga sitt eige utstillingslokal. Bygninga v

art ombygd frå fjøs og låve til galleri og tatt i bruk 1996. Her er ca 1000m² utstillingsareal fordelt på 4 etasjar og 16 utstillingsrom, kafé og resepsjon. Romma har den opprinnelege forma, noko som gjer dei svært ulike, både i storleik og form. Dette gir igjen ein ekstra opplevingsdimensjon både for kunstnarane og publikum, og gjer Kunstlåven til ein særeigen utstillingsstad. Under Sommarutstillinga blir vanlegvis heile arealet i Kunstlåven i teke i bruk. Besøks- og postadresse: Brøløsvn 4: 3840 Seljord





Velkommen!

Årets vinnar av medlemslotteriet, Pål Løken, vann eit trykk av Knut Flatin datera 1976 😊Ynskjer du å være med i neste tr...
04/03/2026

Årets vinnar av medlemslotteriet, Pål Løken, vann eit trykk av Knut Flatin datera 1976 😊

Ynskjer du å være med i neste trekning, og samtidig støtte kunst-tilbodet i Seljord, kan du bli medlem ved å sende mail til [email protected] 💌

Tidligare medlem har no fått info om årets medlemskap på e-post. Sjekk søppelpost om du ikkje har fått den, eller send oss ein e-post!

Takk for at du bidreg til eit levande kulturliv og ei frivillig forening 😃

På eit lerret av lin, har Ørnulf Bast festa sin bronserelieff som viser to kvinne-skikkelsar lent over eit born. Arbeide...
14/01/2026

På eit lerret av lin, har Ørnulf Bast festa sin bronserelieff som viser to kvinne-skikkelsar lent over eit born. Arbeidet har, så vidt me veit, ingen tittel, men “BAST” er rissa inn i nedste hjørnet. Bast var ein ledande bilethoggar og har gjort fleire store utsmykkingar i vårt ganske land. I 1947 vann han konkurransen om fonteneanlegget som den dag idag står på Sehesteds Plass i Oslo, midt mellom forlagshusa til Aschehoug og Gyldendal. Skulpturen i fontena viser ei kvinne med eit born og heiter “evig liv”.

Kvinner var gjennomgåande i Bast sine arbeid. Men som Norske Kunstnerleksikon beskriv, var det ikkje den formale kvinne-anatomien han var hovudsakeleg oppteken av. Han ville gjengi kvinna som livgiver, om det var som ung pike eller moden mor. Dette kan ein sjå i arbeidet frå vår samling som u.t. opplever som ei scene om omsorg og tryggleik. Bast klarar å vekke mjuke og varme kjensler i eit nokså kaldt og hardt materiale som metall. Og kanskje er det nettopp difor han presenterer det på eit lin-lerrett - som ein kontrast mellom det harde kalde, og det mjuke varme?

I kunstforeninga si samling er det lett å oversjå denne perla, då den ikkje er større enn eit postkort. Arbeidet heiter ...
15/12/2025

I kunstforeninga si samling er det lett å oversjå denne perla, då den ikkje er større enn eit postkort. Arbeidet heiter «rød form» og er gjort av Bjørn Krogstad i 1968. Han er fødd i Kristiansand i 1943, og studerte ved Statens Kunstakademi frå 1966 til 1970. Hausten han starta drog klassa på utstillinga «Moderna Museet besøker Oslo», og til Norske Billedkunstnere beskriv han denne opplevinga som eit sjokk!

«Jeg var blitt så nysgjerrig på den sterke virkningen denne utstillingen hadde hatt på meg at jeg i dager og uker av gangen holdt meg borte fra malerklassen på akademiet i de neste par årene for å arbeide med mitt på det lille atelieret jeg hadde i leiligheten.» Eit døme på denne eksperimenteringa er «buksa mi» som er ein måla kollasj med buksa hans festa på.

Same året, 1968, laga han arbeidet i samlinga vår. På baksida kan du sjå retninga til arbeidet er spesifisert med ei pil. Samtidig står prisen 75kr, som tilsvarar berre under 1000-lappen idag.

Sidan den gong fekk han fleire legat og reisestipend og på 70-talet gjekk han frå små format til større ekspressive figurmåleri. Fleire av desse er kjøpt inn av Nasjonalmuseet og er mogleg å sjå i deira digitale samling. Han er framleis utøvande kunstnar og hadde sist utstilling i 2023 i Trafo Kunsthall.

Tida til Krogstad på Kunstakademiet viser nokon som ikkje var redd for å eksperimentere og leike seg med teknikkar og uttrykk. Og det er verkeleg spesielt å ha ein bit av denne utforskinga i samlinga vår.

Niclas Gulbrandsen (1930–2013) var målar fram til debututstillinga si i 1963. Då ga han opp måleriet og satsa fult på tr...
30/11/2025

Niclas Gulbrandsen (1930–2013) var målar fram til debututstillinga si i 1963. Då ga han opp måleriet og satsa fult på tresnittet. Det er ein teknikk der ein skjærer i tre, og bruker dette til å trykke med. Gulbrandsen meinte at tresnittets særeigenheit er det svarte. Noko som er tydeleg i desse arbeida frå samlinga.

I tresnitt jobbar ein med å trekke frå det ein ikkje vil ha farge på. Dei kvite felta er det som er skore vekk frå treplata. Slik er det berre fargen frå plata som ikkje er skore som etterlet seg på papiret. Og her ser du han har skore vekk relativt lite, men samtidig klart å skape tydelege motiv. Denne kontrasten er kanskje det som gjorde at foreninga kjøpte inn arbeida den gongen? Kva syns du om desse to arbeida av Niclas Gulbrandsen?

Midt blant kyrkjemotiv, Telemarkslandskap og lokal kunst, finn me dette arbeidet i kunstsamlinga vår. Det skil seg ut ik...
08/11/2025

Midt blant kyrkjemotiv, Telemarkslandskap og lokal kunst, finn me dette arbeidet i kunstsamlinga vår. Det skil seg ut ikkje berre fordi det er eit av veldig få foto, men på grunn av motivet. Arbeidet er av Morten Viskum som i år 2000 stilte ut i Kunstlåven til mykje rabalder i bygda, og nasjonalt. Fleire krevde utstillinga stengd, og kunstnaren sjølv vart truga på livet. Likevel bestemde det dåverande styret i foreninga å kjøpe inn verket.
Du visste kanskje ikkje at Seljord Kunstforening har si eiga samling? Foreninga som starta heilt tilbake i 1968 har ei stor samling med grafikk, måleri og skulptur. Me har faktisk den nest største permanente samlinga av heile landets kunstforeninger. Så det er på tide at fleire får glede av den. Følg med i våre kanalar for små glimt inn i samlinga - for her er mykje spanande!

Kunstlåven er stengt for i år, men styret i Seljord Kunstforening jobbar året rundt ✍🏼📬I dag var me samla på Nutheim Gje...
27/09/2025

Kunstlåven er stengt for i år, men styret i Seljord Kunstforening jobbar året rundt ✍🏼📬
I dag var me samla på Nutheim Gjestgiveri for å arbeide med kva som skal skje i 2026!
Mykje spennande og interessante ting har blitt diskutert, og me gler oss til å opne dørene til våren att!
Kva kunne DU tenkje deg av tilbod på Kunstlåven? 💡

Tusen takk for i sommar 🌞 I løpet av juli var det heile 1300 besøkande til årets sommarutstilling, og minst like mange g...
19/08/2025

Tusen takk for i sommar 🌞 I løpet av juli var det heile 1300 besøkande til årets sommarutstilling, og minst like mange gode ord. Det er både motiverande og inspirerande!

Tusen takk til for ei flott utstilling med 10 kunsthandverkarar og eit breitt spekter av uttrykk. Husk å følge kunstnarane som er tagga for å sjå kor dei er i verda. Takk til familien Flatin som lot oss sjå breidda i Knut Flatin sine arbeid gjennom heile livet hans. Og takk til Husfliden for ei spanande kurv-utstilling med imponerande handverk.

Og ikkje minst tusen takk til publikum som tok turen. Tusen takk for besøket! Velkomen att til neste år - me håpar å sjå deg 😊

Årets sommerutstilling nærmar seg slutten, med siste opningsdag imorgo 31. juli frå 11–17. Besøkande har gitt gode tilba...
30/07/2025

Årets sommerutstilling nærmar seg slutten, med siste opningsdag imorgo 31. juli frå 11–17. Besøkande har gitt gode tilbakemeldingar, og meiner at det er noko for ein kvar smak, så syt for at du får den med deg før det er for seint 🌞

🏫 Sigurd Telnes var ein av pådrivarane for Seljord Kunstforening når den vart stifta i 1968, og har sidan vore ein sentr...
15/07/2025

🏫 Sigurd Telnes var ein av pådrivarane for Seljord Kunstforening når den vart stifta i 1968, og har sidan vore ein sentral person for kunstforeninga, og i Seljord bygd.

💯 27. juli 2025 er det 100 år sidan Sigurd Telnes vart fødd, og i det høve, vil det være ei markering med spel, musikk og dans frå etterkommarane hans og andre som stod han nær.

🕺🏼 Programleiar Jon Svartdal vil ta deg med gjennom innslag ved: Knut Buen, Reidun Øverland, Ragnar Haugstøl, Knut Espeli, Magnhild Garnås Haugen, Vidar Ytre-Arne, Peter Fjågesund m.fl.

🍎 Det blir servert enkel mat og drikke, og trekking av sommarutstillinga sitt kunstlotteri vil også finne stad under arrangementet

Seljord Kunstforening og familien Telnes ynskjer velkomen til ei minnerik og stemningsfull markering!

🎟️ Bilettar kan du kjøpe i Kunstlåven.
📍All info finn du på nettsidene våre seljordkunst.no

Vilde Eskedal hadde lyst til å drive på med keramikk, men hadde ikkje omn til å brenne leire. Difor skapte ho sin eigen ...
13/07/2025

Vilde Eskedal hadde lyst til å drive på med keramikk, men hadde ikkje omn til å brenne leire. Difor skapte ho sin eigen teknikk: "Jeg pleier å blande lufttørkende leire med steingips-pulver og lakk, lim eller akrylmaling. Noen ganger blander jeg også inn cellulose-fiber eller betong. Deretter dekker jeg leiren med lag av lakk og lim som trekker inn og herder leiren ytterligere." Eskedal brukar plast og søppel ho finn ute i naturen som utgangspunkt for arbeida sine, ved å kapsle dei inn i denne teknikken. "Jeg liker tanken på å ta søppel og plast ut av naturen og kapsle det inn i noe som kan oppleves som verdifullt." Opplev dei sjølv på Kunstlåven heile juli 🌞

Irene Haslum har fått Telemark Fylkeskommunes Kunststipend og er kjøpt opp av mellom anna Kragerø Kommune. “Hennes arbei...
06/07/2025

Irene Haslum har fått Telemark Fylkeskommunes Kunststipend og er kjøpt opp av mellom anna Kragerø Kommune. “Hennes arbeider befinner seg i grenseland mellom kunsthåndverk og design, mellom bruksform og skulpturelt uttrykk.” Sjølv seier ho: “Materialet i seg selv gir meg inspirasjon til arbeidene. Jeg leker med materialets iboende muligheter og fascineres av de formale uttrykkene som dukker opp underveis. I tillegg inspireres jeg av å forsøke å gjøre det noe stemoderlige og anonyme trematerialet om til tiltalende, attraktive og vakre objekter.”

Kom og sjå eit utval av Haslum sine arbeid i Kunstlåven i Seljord heile juli mellom kl 11 og 17 🌞

Midt blant Knut Flatin si minneutstilling, vart Sommarutstillinga 2025 offisielt opna 1. juli 😊 Den øvste etasjen i låve...
03/07/2025

Midt blant Knut Flatin si minneutstilling, vart Sommarutstillinga 2025 offisielt opna 1. juli 😊 Den øvste etasjen i låven var fylt til randen av besøkande, som etterpå fekk servera feitegraut og sjå utstillingene. Tusen takk til alle som møtte opp 😃 Og takk til Helge Sigurd Telnes som konferansier, Norske Kunsthandverkarar Sør for innlegg, Grøstad for minnetale og .musikk for vakker musikk 🎶 Velkomen til oss kvar dag i juli, frå kl 11 til 17 🤩

Adresse

Brøløsvegen 4
Seljord
3840

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Kunstlåven i Seljord legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Museet

Send en melding til Kunstlåven i Seljord:

Del