25/09/2026
Torsdag 24. september deltok me i gravferda til Bodil Cappelen i Tønsberg domkyrkje. I ei fin minnestund med familie og vener vart det delt mange gode ord om Bodil.
Bodil var ein sentral bidragsytar i etableringa av det som i dag er Haugesenteret. Då Haugesenteret opna i 2014 sa Bodil dette om tydinga til staden:
«Alle grep ein tek for poesien, først og fremst ved å lesa dikt – anten folk gjer det sjølve, eller dei blir lesne for, er av det gode. Det gjev eit blikk inn i ein annan røyndom, og folk kan få andre tankar om sitt eige liv.»
Haugesenteret og Nynorsk kultursentrum takkar Bodil for hennar uvurderlege innsats og lyser fred over hennar minne 🤍
Minneordet vårt om Bodil Cappelen kan lesast via lenka under 🤍
https://www.nynorsk.no/haugesenteret/bodil-cappelen-1930-2026