Museumsparken på Auremarka

Museumsparken på Auremarka Offentlig Facebook-side for Museumsparken på Auremarka Gruppa består av personar som deler ei interesse for lokalhistorie, arkeologi og kulturvern.

Bronsealderhuset i Sykkylven er ein fascinerande rekonstruksjon av eit hus frå bronsealderen, som gir eit unikt innblikk i korleis livet kan ha vore i Noreg for over 3000 år sidan. Huset, som ligg i Sykkylven kommune på Sunnmøre, vart bygd som ein del av eit lokalt kulturprosjekt for å bevare og formidle området si forhistorie. Huset er bygd med tradisjonelle teknikkar og materialar, og det gir be

søkande ei autentisk oppleving av bronsealderen si arkitektur og byggeskikk. Huset er utforma slik ein trur husa på denne tida var, med enkle konstruksjonar, torvtak, og ein sentral eldstad. Dette gir eit innblikk i korleis menneska i bronsealderen levde, med jordbruk som sentral aktivitet, og korleis dei samhandla med naturen og landskapet rundt seg. Vennegruppa Aura-Påls vener er ei engasjert lokalgruppe i Sykkylven som har ein spesiell tilknyting til Bronsealderhuset. Namnet deira refererer til "Aura-Pål", som er ein figur frå lokal sagn som har røter i Sykkylven si historie. Aura-Påls vener har spelt ei viktig rolle i å ta vare på og promotere Bronsealderhuset. Dei arrangerer omvisingar, temadagar og andre aktivitetar som hjelper både lokalbefolkninga og besøkande med å lære om og oppleve bronsealderen. Gruppa fungerer også som eit sosialt fellesskap for dei som ønskjer å engasjere seg i bevaringa av lokalsamfunnet si kulturelle arv, og dei samarbeider ofte med skular og andre organisasjonar for å auke medvitet om regionen si forhistorie. Gjennom sitt arbeid sørgjer Aura-Påls vener for at kunnskapen om bronsealderen vert halden levande, og at Bronsealderhuset i Sykkylven held fram med å vere eit verdifullt kulturelt tilbod i kommunen.

Nydeleg vær for dugnad på Auremarka i dag! Vi fekk sett ut benkane, lufta dyreskinna og reingjort inne i bronsealderhuse...
11/04/2026

Nydeleg vær for dugnad på Auremarka i dag! Vi fekk sett ut benkane, lufta dyreskinna og reingjort inne i bronsealderhuset.
Det store løftet, bokstaveleg tala, var å fjerne alle trekubbane som har stått på marka dei siste åra for å markere størrelsen på gildehallen som stod i området for om lag 1500 år sidan. Dei vart fjerna for å gje plass til nye kubbar som skal lyssetjast for å vitne om den gamle storstova både sommar og vinter. Arbeidet med dette vil gå føre seg utover sommaren.

I dag rettar vi ein ekstra takk til Arild Sporsheim som såg at det skjedde noko på fornfunntomta og spurte om han kunne hjelpe. Det kunne han! Vi har plass til fleire som vil vere med i dugnadslaget!
(Foto: Ole Bjørn Roald.)

Sparebanken Møre valde bronsealderhuset som ramme for utdelinga av haustens Teft-midlar, og det var kanskje ikkje heilt ...
17/11/2025

Sparebanken Møre valde bronsealderhuset som ramme for utdelinga av haustens Teft-midlar, og det var kanskje ikkje heilt tilfeldig. For blant 13 lag og organisasjonar som mottok støtte, fekk Aura-Påls venner den største summen. 100.000 kroner gjekk inn på konto, og midlane er øyremerka «visualisering av Gildehall med lyssetting.»
Lyssetting av det 55 lange huset frå jarnalderen har vore planlagt i fleire år, men pengane har mangla. Med den rause gåva frå Sparebanken Møre reknar vi med kunne fullføre prosjektet i løpet av komande år.

Åremålsdag, vennelag, eller bedriftslag? Vi leiger ut Bronsealderhuset, til ei annaleis oppleving. Perfekt for grupper o...
25/10/2025

Åremålsdag, vennelag, eller bedriftslag? Vi leiger ut Bronsealderhuset, til ei annaleis oppleving. Perfekt for grupper opp til 12 pax rundt bordet. Eller 30 benkeplasser. Kontakt oss for booking. Mob: 99283779

Graving, gull og gromkarar på Ramstadmarka. Det har vore liv og røre på Kildehaugtomta – eller Ramstadmarka, som vi nabo...
17/10/2025

Graving, gull og gromkarar på Ramstadmarka.

Det har vore liv og røre på Kildehaugtomta – eller Ramstadmarka, som vi naboar kallar ho med eit nostalgisk sukk. Her skal det bli ny parkeringsplass for det splitter nye helsehuset, men før gravemaskina fekk fritt spelerom, måtte fylkesarkeolog Aaron Johnson ta ein tur for å sjå om det låg nokre steinalderhemmeligheiter og lurte i jorda.
Etter ei grundig sjekk kunne Aaron slå fast at det ikkje var noko nytt å rope "Eureka!" for – berre dei gamle, gode funna: ei kokegrop og eit ildsted. Med andre ord, folk har både kokt og kosa seg her før i tida.
Men det er ikkje berre steinalderen som har sett spor her. Her har det vore hesja, her har det vore løypestreng opp til tunet. Her har det vore ynda hoppbakke og fotballbane. Historikar Eldar Høydal har skrive om sjølvaste Karl Ramstad, ein møbelmann med bein i nasen. Han starta lenestolfabrikk i kjellaren på Aurebøen under krigen – og i 1943 hadde han heile sju ansatte som trilla stolar som om det var konfekt. Då han døydde i 1955, var det fem igjen som heldt hjula i gang.
Karl var ikkje berre møbelmann – han var også gullgravar i Fairbanks, USA! Han kjøpte seg ei gruve og vart rik som ein oljesjeik. I tillegg var han ein av dei første i bygda med bil – ein Durant, som brumma som ein bjørn.
Og så har vi Ole T. Lied, ein kar som hadde sans for transport. I 1924 starta han bilruta Sykkylven–Drotninghaug, og året etter rulla han vidare til Lastølen, der han bygde Fjellseter Turisthytte. I 1927 fekk han og Karl konsesjon til Nysætra – og då var det berre å pakke niste og dra til fjells.
Far min, han hadde også eit eventyr: som liten fann han ein 500-lapp på fortauet utanfor Roaldkafeen. Han sprong som ein vind ned til faren sin i bakeriet og viste fram skatten. Svaret?

"Spreng opp til Karl Ramstad og lever den der – det e berre han som har slike pengar i bygda!" ;)

I dag var det Auremarka sin tur for People of the North. Siste stoppestad før filmteamet avslutta sitt besøk i bygda vår...
05/09/2025

I dag var det Auremarka sin tur for People of the North. Siste stoppestad før filmteamet avslutta sitt besøk i bygda vår. For nokre dager dei har hatt, og for eit program! I dag fekk dei oppleve Aure marka og Bronsealderhuset saman med fleire barnahage born. Grilling, historiefortelling, dyr, taudraging og ikkje minst besøk av ein ekte viking. Arne Hjeltnes var ikkje i tvil, dokke må bygge gildehallen!

Visste du at på Aure om lag 1300 hadde ei stavkyrkje på Auremarka? Dette var bygda si kyrkje før og etter reformasjonen....
28/06/2025

Visste du at på Aure om lag 1300 hadde ei stavkyrkje på Auremarka? Dette var bygda si kyrkje før og etter reformasjonen. I 1705 brann dessverre stavkyrkja ned etter lynnedslag.
Kanskje såg den slik ut som på bilete.

Vel møtt til familiedag ved Bronsealderhuset, søndag 15. juni kl. 12–16. 😃Dyr frå Sølmongarden, hesteriding med Sykkylve...
05/06/2025

Vel møtt til familiedag ved Bronsealderhuset, søndag 15. juni kl. 12–16. 😃

Dyr frå Sølmongarden, hesteriding med Sykkylven Rideklubb, bronsealderkoffert, lammelår i kokegrop, pølsegrilling, bogeskyting og handverkstradisjonar.

Her er programmet:
Kl. 12.00–16.00
• Pølsegrilling i Bronsealderhuset. Grill sjølv pølser og brød i grua. Sykkylven Handelsforeining og Sparebanken Møre spanderer pølser med brød, kokekaffi og saft – så langt det rekk.
• Prøv deg som jegar i steinalderen – vi spenner buen og feller villsvin.
• Prøv deg som ryttar med Sykkylven Rideklubb som stødig rettleiar.
• Kata Linn Rongve-Haugene har med seg den populære bronsealderkofferten sin, full av spennande saker.
• Møre Frie Vikinger sel lærpungar og nålebundne produkt.
• Informasjon om funna på Auremarka ved Kjetil Tandstad kl. 14.00.
• Bjørn Inge Drabløs serverer lammelår frå kokegrop. Det er funne over 30 slike kokegroper på Aurefløten, groper som er 3000–4000 år gamle. Kom og smak på tradisjonsmaten frå ca. kl. 14.00.
Møt gjerne opp tidlegare og få forklart metoden for tilbereding.
Arrangementet er gratis, men det vert høve til å støtte via Vipps om du ønskjer det. Midlane går uavkorta til formidling av historie og liknande arrangement i regi av Aura-Påls vener.
Arrangementet er også støtta med Teft-midlar frå Sparebanken Møre.

Verv deg gjerne som medlem i Aura Påls Venner under arrangementet. 😀

Vel møtt!
Helsing Aura-Påls vener

Adresse

Skulevegen
Sykkylven
6230

Telefon

95931394

Nettsted

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Museumsparken på Auremarka legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Del

Type