23/06/2026
Interessante funn ved Herøy i Møre og Romsdal!
For kort tid sidan har Bergens Sjøfartsmuseum og Stavanger Maritime Museum gjennomført ei marinarkeologisk undersøking ved øya.
Vi kjenner til mange forhistoriske funn frå Herøy, mellom anna vikingskipet på Kvalsund. Det har også vore ei kyrkje på øya på 1100-talet. Herøy ligg sentralt ved den gamle skipsleia, og skriftlege kjelder frå mellomalderen kan tyde på at handelsaktivitetar fann stad der i vikingtid-mellomalder. Handel er også omtalt på 1700-1800-tallet, og arkeologane har identifisert tre ulike ankringsplassar i området.
Undersøkingane i hamneområdet har avdekka keramikk, kritpiper, glas, murstein og ein båtdel. Alle funna er truleg frå 1800-talet, men nokre av dei kan vere eldre.
Bergens Sjøfartsmuseum håpar å gjennomføre fleire undersøkingar i hamnene på Herøya i framtida.